Det var nok favoritten som kom først i mål da Trollheimen sykkelklubb arrangerte klubbritt med start på Nordvik og målgang på Kårvatn – ein distanse på 19 km. Håvard Gjeldnes var sjølvsagt storfavoritt, med jammen fekk han kamp heilt til mål av Øystein Møkkelgard som var med og kjempa om førsteplassen – men vart nr 2 med fattige 3 sekund, slått av Håvard Gjeldnes.

Feltet i fart – her har startskotet gått, og da skal det kjempes om å kome først til målgang på Kårvatn. Foto Jon Olav Ørsal
Resten av feltet var etter kvart spredd – det er mange og tunge motbakkar på turen frå Nordvik til Kårvatn som ligg på 214 m.o.h. Her finn du resultatlista frå dagens klubbritt:
Trimklasse:
1  Bjørn Halle                              Utan tid.
Turklasse:
1  Håvard Gjeldnes                    34,20
2  Øystein Møkkelgård             34,23
3  Gaute Moen                            35,54
4  Per Anton Vatten                  37,35
5  Hans Christian Haarstad    40,18
Junior:
1  Oliver Stormo Svensen       54,07
Damer:
1  Oda Halle                              48,26
Elsykkel:
1  Kjetil Sogge                           38,34

