Trollheimen Sykkelklubb arrangerte det årlege klubbrittet som går til Kårvatn, med start frå Forsamlingshuset på Nordvik. Det er temmeleg knappe 19 km etter bergningane til 1881.no. Øyvind Bertelsen-Tangvik var kjappast på pedalane med tida 35:45, medan Gaute Moen kom i mål eit lite sekundnd etter.
Totalt var det 11 deltakarar i klubbrittet som det etter kvart har vorte tradisjon å arrangere. Sjølv om feltet var jamnt den førte del av distansen så persa nok turen opp Falla, og gjorde at det vart litt spreiing på deltakarane. Rundt 200 meter utgjer høgdeforskjellen mellom Nordvik og Kårvatn.