Kløverturen denne fine første måndagen i september gjekk etter Toåa tursti. Det var spennande, for i delar av turstien var det stor aktivitet. No er arbeidet i full gang med å lage tursti med universell utforming langs Toåa; eit stort prosjekt som vil bli til stor glede for folk i bygda.
Kløverturen gjekk frå Hals bort til Halsabrua og etter stien bort til gapahuken i Gunnøya. Her vart det triveleg kaffepause. Vidare gjekk vi i retning Båthølen, her var det full aktivitet med store maskinar. Karane hadde det travelt og var effektive – så det vart korkje sjølfi eller prat med dei.
Frå Båthølen gjekk vi etter den nye traseen opp til vegen – overraskande fint å gå sjølv om det er midt i anleggstida.
Det blir kjekt å følgje arbeidet vidare framover, og Kløverturen vil nok bli ein flittig brukar av Toåa tursti.
Fleire bilete: