Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturar –  sesongstart og sesongslutt

Dordi Jorunn Halle Måndag 19. august 2024

Etter ein lang sommarferie for kløverturen, lengre enn skuleferien, kom endeleg haustsesongen i gang. Da passa det godt med roleg start i Toåa tursti.

Turstien var nyskråpa. Dermed vart underlaget mjukt og godt å gå etter; riktig bra! Det er mange fine idyllar langs elva og i skogen, og turruta blir lagt opp slik at det blir gått minst mogleg etter asfalt!

Skilta viser kor lang det er til aktuelle reisemål. frå venstre: Dordi Jorunn, Jorunn, Arndis, Synnøve, Helen og Åse Johanne. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Kjekt med tur i godt ver! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Siste turen før sommarferien, 3.juni, gjekk frå Todalsøra og utover til Vorphaugen. Også ei fin og god turrute. Dei som har levd ei stund, minnest mange turar utover til Innerbaugen for å sende eller hente pakkar med høgsesong før jul.

Sjøheim. Så fint og velstelt. Dordi Jorunn på kvilebenken. Foto: Marit Sanden Søyset.

Måndag 26. august er det oppsett to alternativ for turmål:

Dårleg ver: Tjønnmyrane. Godt ver: Kavlvegen.

Fleire bilete:

Idyll i Toåa tursti. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Utanfor Ansneset. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Publisert: 19. august 2024, 16:18