Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturar ovanfor Falla

Dordi Jorunn Halle Måndag 27. mai 2024

Sol og varmt, grønt og frodig – mai har vore ein finversmånad.

Kløverturen 13. mai gjekk frå Gammelfabrikken, opp Falla og til Tjønnmyrane. Storfossen var mektig – stor snøsmelting. Triveleg med matpause ved gapahuken på Tjønnmyrå.

Fin turveg oppover Gammelfalla. Foto: Marit Sanden Søyset.

Kaffepause i godveret. Foto Marit Sanden Søyset.

Kløverturen 27. mai starta frå redskapshuset til Talgøgarden. Denne gongen gjekk turen på nordsida av Toåa. Første stopp var ved løa i Råa; ei riktig fin, gammel og velhalden løe. Deretter vart det tur etter fin skogstiga innover lia forbi store asker og dyrkamark. Til sist kom vi ned i skogsbilvegen og gjekk tilbake til parkeringsplassen.

Idyllisk plass. Fint ved løa i Råa. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Frodig. Rogna blomstrar, og stien er smal og litt bratt. Foto: Marit Sanden Søyset.

Karen Johanne inviterte heile hopen til kaffelag på terrassen, og ho serverte riktig god solskinskake og is!

Ny kløvertur om ei veke, måndag 3. juni.

Fleire bilete: 

Tru om det blir blåbær til hausten? Talgøgarden i bakgrunnen. Foto: Marit Sanden Søyset.

Kaffelag på Vestrum. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Anlegget på Tjønnmyrå er mykje brukt heile året! Foto: Marit Sanden Søyset.

Kvileplass ved enden av lysløypa. Rundt bordet: Helen, Jorunn, Liv Jorunn, Arndis, Åse Johanne, Kari og Helga. Foto: Marit Sanden Søyset.

Storfossen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Publisert: 27. mai 2024, 15:31