Det var stor variasjon i veret dei to siste kløverturane i oktober, slik som haustveret ofte er.
21. oktober gjekk turen frå Snøyå og opp motbakkane til Hjellnesgardane, solskin og mildver. Det er idyllisk å gå Gammelvegen og fint med pause ved bordet på Kammen. Ei retteleg fin turrute!
28. oktober var det regn og ruskever, men det vart ein liten luftetur i Toåa tursti før velfortent kaffepause på Halsbua.
Ny kløvertur 4. november.
Fleire bilete:

I Toåa tursti. Frå venstre: Marit, Helen, Arndis, Jorunn og Jorunn. Lettare skylag mot nord. Foto: Dordi Jorunn Halle.