Sanitetsforeninga har arrangert fire kløverturar i september; tre innafor Kammen og ei utflukt til Surnadalseidet og Kavlvegen.
Dagens tur gjekk frå Todalsøra, utover til Ansneset og vidare langs fjorden utover til det var dyr på beite. Det er idyllisk og fredeleg å gå langs fjorden utover Ansnesstranda. Og garden ligg fint til.
Måndag 23. september var det ein runde i Toåa tursti. Nysnø i fjellet og surt haustver. Men fint å ta ein pause inne i den fine gapahuken ved Båthølen.
Måndag 16. september gjekk turen frå Halsbua utover til Rossåa, oppover til Løfta og ein bit oppover skogsvegen mot Kvennsetdalen.
Alle er turane er avslutta i kaffekroken til Matkroken Todalen, kjekk samlingsplass!
Frisk luft, mosjon og sosialt samvær er topp for kropp og sjel!
Fleire bilete: