Måndag 14. september gjekk Kløverturen i Gammelvegen, eit fint turområde der ein kan variere både turlengde og tal på motbakkar.
I dag gjekk somme opp til Hjellnes, medan andre gjekk frå Snøyå i retning Svinvika. Kjøle bra med fleire alternativ.
Veret var betre enn venta; lite regn, men dårleg sikt da skodda låg langt nedover liene. Dermed vart det ikkje kaffepause på Kammen slik som plana var.

Her står vi ved Bergulhammaren. Flott namn! Men det er lenge sidan nokon i turfølget hadde høyrt bergulen. Foto: Dordi J H
Turfølget studerte dei nye namneskilta i Gammelvegen; artig å vite kva det heiter der ein fer og det gjer turen meir interessant. Kanskje det etter kvart kjem namneskilt i resten av Svinvikrunden, og?
Måndag 7. september gjekk Kløverturen i Toåa tursti. Veret var fint, og det var triveleg kaffepause i gapahuken.

Triveleg kaffepause ved gapahuken. Frå venstre: Arndis, Dordi, Marit, Eli, Jorunn, Sigrun, Helen, Åse og Ester Karin. Foto: Dordi J H
Måndag 21. september blir det tur etter skogsvegen i Øyalia.
Fleire bilete: