Måndag 13. oktober gjekk kløverturen frå Matkroken, utover til Rossåbrua og oppover skogsvegen til Rossåfossen. Etter dagar med mykje nedbør var fossen stor.

Ny og god benk ved gapahuken i Båthølen. Dordi Jorunn, Jorunn og Helen prøvesit nybenken. Attanfor: Arndis og Dordi. Foto: Marit Sanden Søyset.
Måndag 20. oktober vart det rundtur i Toåa tursti. Fin haustdag med nysnø i fjella og litt hustre. Godt haustver!
Båe turdagane vart det kaffe og prat i kaffekroken til Matkroken etter turen. Kaffekroken er ein kjøle populær møteplass. Da turdamene kom dit i dag, var det ein skokk med karar der. Men dei reiste seg opp og overlet stolane til trimjentene.
Ny kløvertur måndag 27. oktober.
Fleire bilete:

Flaumaskader i Toåa. Stien frå Nedre Oddøyhøen til Gunnøya vart skadd under flaumen første helga i oktober. Foto: Marit Sanden Søyset.





