Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturar i oktober: Toåa tursti og Tjønnmyrane

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. oktober 2024

Oktober starta med hustre ver; gråkalde dagar og regn, men og solgløtt. Folk som er ute på tur blir lett litt opptekne av veret, sjølv om det heiter: «Det fins ikke dårlig vær, bare dårlige klær!»

I fint driv oppå Tjønnmyrå. Foto: Marit Sanden Søyset.

Kløverturen første måndagen i oktober gjekk i Toåa tursti, her er det lett og fint å gå. Toåa tursti er eit stort pluss for bygda vår. Her er det stort sett alltid folk på vandring.

Kløverturen måndag 14. oktober gjekk frå Gammelfabrikken, opp Gammelfalla og vidare opp til den fine gapahuken oppå Tjønnmyrå. Deretter vart det ein rundtur i heile lysløypa. Triveleg samling i kaffekroken i på Bua båe måndagane. Kjekt med Kaffekrok!

Fleire bilete frå gode turdagar:

Kort pause. Dordi Jorunn, Jorunn, Helga, Arndis, Åse Johanne, Kari. Foto: Marit Sanden Søyset.

Fin haustdag. Foto: Marit Sanden Søyset.

Ved Toåa. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Ute på tur: Dordi Jorunn, Helga, Jorunn, Helen, Dordi, Åse Johanne, Jean. Foto: Marit Sanden Søyset.

 

Publisert: 14. oktober 2024, 22:24