Etter kløverturar utanom Kammen i september, vart det rolege kløverturar i Toåa tursti dei to første måndagane i oktober.
Turstien er eit fint og godt kløverturalternativ, her kan alle delta. Ikkje minst er det da kjekt å avslutte i Kaffekroken. I alle fall når det surt og hustre haustver.

Frå turen 2. oktober. Her er: Karen Johanne, Arndis, Jorunn H Ø, Synnøve, Jorunn H, Helen, Anne Helene og Jean. Foto: Dordi Jorunn Halle.
Måndag 16. oktober blir det tur til Tjønnmyran med kaffepause i gapahuken.