Yr har dei siste vekene stort sett meldt regn, vind og dårleg ver, og veret har vore så ymse. Men måndagane har veret vore over all forventning.

Fin stiga oppover Kvennsetlia. Lyst, triveleg og mjukt å gå i «toillskog». Foto: Marit Sanden Søyset.
Da kløverturgjengen møttest ved Matkroken måndag 10. oktober var det kalde og kraftige vindkast, og fjorden gjekk skumkvit. Dermed vart det raskt bestemt at det var uaktuelt å starte med å gå utover Kvennsetøran i motvind, men heller ta kortaste vegen opp i skogen. Altså gjekk turen oppover Tovbrekkå, til Løfta og så vidare oppover skogsvegen i Kvennsetlia. Her var det ikkje vind, tørt og fint å gå – eit retteleg fint turområde!
Turen vart avslutta med ei triveleg pratestund i Kaffekroken hans Terje N.

Turfølget i Toåa tursti. Frå venstre: Dordi Jorunn, Åse Johanne, Jorunn, Jean, Åshild, Karen Johanne og Jorunn Gislaug. Foto: Marit Sanden Søyset.
Måndag for ei veke sidan var det Kløvertur i Toåa tursti. Her vart skadene etter høljeregnet i september inspisert – trist å sjå kor rasert turstien var. Storleva hadde gått langt utover sine bredder. Kaffepause i gapahuken.
Og måndag 17. okober er det ny Kløvertur!
Fleire bilete frå trivelege turdagar: