I følge den gamle kalenderen, primstaven, er første vinterdagen 14. oktober, og symbolet for denne dagen er ein vott. Første vinterdagen denne hausten vart 18. november som kom med snø, sludd og vind. Det var retteleg vått og surt ver for kløverturjentene som var ute på tur, og dei måtte kle på seg både med vottar, lue og buff.
Kløverturen gjekk i Toåa tursti og vart avslutta med varm drikke i Kaffekroken på Bua. Det var godt å kome i hus.
Dei to andre turane i november gjekk utover til Rossåa og opp til Løfta i godt ver. Rossåa var stor og Rossåfossen mektig.
Ny kløvertur måndag 25. november.
Fleire bilete: