Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturar i mars

Dordi Jorunn Halle Måndag 17. mars 2025

Veret i mars er lunefullt; vinter og vår om ein annan. Tre kløverturar med alt frå strålande sol til plaskregn og vind.

Første kløverturen i mars var det striregn, og det bles godt – ikkje utverande ver. Men ni spreke trimjenter trossa veret og la ut på tur frå Halsbua. Turen gjekk langs ekrekanten opp til Myrjaren og etter skogsvegen austover i Kvennsetlia til endes av vegen. Vel nede var det godt med varm drikke i Kaffekroken.

I Kvennsetlia. Foto: Marit Sanden Søyset.

I Øyalia på tur ned Gammelvegen. Foto: Marit Sanden Søyset.

Måndagen etter, 10. mars, var det strålande sol og fin tur etter skogsvegen i Øyalia. Nyvegen var tørr og fin, medan i den gamle skogsvegen var det snø og litt glatt. Retteleg fin turdag.

Måndag 17. mars vart nok ein dag med styggver. Kløvertur i Toåa tursti. Turstien er fri for snø og is; nybrøytt – kjekt. Turfølget var heldige med veret. Det var opphaldsver og vind, og regna gjorde det ikkje før turgangarane kom under tak.

Ordtaket seier: «Godt folk har godt ver», det stemmer ikkje alltid, men i dag stemte det!

Og kvar gong – pratestund og varm drikke i Kaffekroken etter turane.

Ny kløvertur 23. mars.

Fleire kløverturbilete:

Klare til tur i Kvennsetlia. Foto: Dordi Jorunn Halle.

I Kvennsetlia. Med på turen: Marit, Åse Johanne, Liv Jorunn, Arndis, Jorunn, Helen, Helga og Kari. Foto: Dordi Jorunn Halle.

I Øyalia. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Sola kjempa for å trenge gjennom skylaget. Ved Båthølen. Foto: Marit Sanden Søyset.

Ute på tur: Jorunn, Helga, Åse Johanne, Dordi, Arndis og Marit. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Publisert: 17. mars 2025, 16:12