Så langt i år har Sanitetsforeninga arrangert fire kløverturar; alle fire med god deltaking og i bra ver.
Første mars gjekk turen etter skogsvegen ovanfor Kvennsetgardane innover til Råa. Her var det tørt og fint å gå, og det er godt å kome bort frå asfaltvegane. Veret var over all forventing i forhold til meldingane. Derfor vart turen utvida med å gå om Løfta på returen. Det gjer godt med litt motbakkar!
På kvinnedagen 8. mars var det heile 15 deltakarar med på turen som gjekk i Toåa tursti. Veret var fint, og stien var nesten berr – i alle fall ikkje glatt!
Denne gongen var turgåarane var retteleg heldige med veret; berre ein times tid etter turslutt, snødde det «gamle kjerringar»!

Ved Båthølen. Fremst frå venstre ser vi: Marit, Jorunn, Åse, jean, Synnøve T, Dordi og Synnøve G. Foto: Dordi J H
Det er triveleg å gå tur i lag, og måndag om ei veke blir det ny turdag.