Sol frå skyfri himmel både siste måndagen i mars og den første måndagen i april, og det vart fine turdagar.
Måndag 31. mars var det tur etter «flate gjerd» og fine stigar. Turstart frå Bruset og innover langs Toåa og til gapahuken i Fosstrøinn. Jon Bruset var med som guide.
Rett utanfor Brusetneset på elvekanten står det eit namneskilt med det spesielle namnet «Mjølkstrengen». Jon fortalde at namnet viser til at det var brukt løypestreng for å frakte mjølkespann frå Ramsøya over Toåa til Skukullbrekkå utanfor Brusetneset. Mjølka vart så frakta til Todalen Meieri med hesteskyss. Det første meieriet i bygda vart bygd i 1893. Plassen «Mjølkestrengen» var nok opprinneleg nærare Skukullbrekkå og bygdevegen enn der skiltet står i dag.
Ved gapahuken nede på Nessaøra sat det ei litt forfrossen og roleg padde, dagens mest populære fotomotiv.
Returen til Bruset gjekk over både Hengebrua og Fillipbrua.

Ved gapahuken ved Tjønnmyrane. Her er Åse Johanne, Liv Jorunn, Helen, Kari, Helga, Karen Joahnne, Marit, Jorunn og Dordi Jorunn. Bak kamera: Svein Håvard Brøndbo.
Måndag 7. april var turmålet gapahuken på Tjønnmyrane med start frå Gammelfabrikken, da blir det både motbakkar og unnabakkar, det gjer godt! Ein fin turdag i godver.
Neste kløvertur blir etter påske, måndag 28. april.
Fleire bilete frå fine kløverturar:

I Fosstrøin. Med på biletet: Kristin, Marit, Liv Jorunn, Åse, Jorunn H, Arndis, Jorun Ø, Helen, Jon, Helga. Foto: Dordi Jorunn Halle.