Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturar i månadsskiftet mai – juni

Dordi Jorunn Halle Måndag 16. juni 2025

Måndag 16. juni hølja regnet ned frå morgonen av; striregn og stor elv. Men ordtaket om at «Godt folk har godt ver» slo til, og det vart kløvertur i opphaldsver.

I Gunnøya. Toaå fyller elvaløpet, lupinen blomstrar og det er kjekt å vere ute på tur. Frå venstre: Kari, Marit, Dordi Jorunn, Helen, Arndis og Jorunn. Bak kamera: Ein hjelpsam dansk fiskar. (Fotoeigar: D.J. Halle.)

Toåa tursti er kjekk å ty til når veret ikkje appellerer til utflukt og langtur. Ved gapahuken i Gunnøya rauk det frå bålplassen, turfølget vart litt overraska. Bålbrennaren var ein dansk fiskar som venta på napp av storfisken.

Alle dei fire siste kløverturane har gått i turstien.

No tek kløverturen sommarferie fram til midten av august.

Fleire turbilete:

Turfølget 2. juni. Frå venstre: Turid, Roy, Jorunn, Arndis, Kari, Helga og Jean. Foto: Marit Sanden Søyset.

Nydeleg ver den 26. mai. Fire deltakarar, og 50 % av dei frammøtte heitte Dordi. Frå venstre: Jorunn, Kari og Dordi. Foto: Dordi Jorunn Halle.

I Gunnøya møtte turfølget ein blid danske som venta på storfisken. Tru om han fekk napp? Foto: Marit Sanden Søyset.

Turfølget 2. juni. Foto: Marit Sanden Søyset.

 

Publisert: 16. juni 2025, 23:17