Så langt i 2021 har Sanitetsforeninga arrangert seks kløverturar i ymse ver. No nærmar det seg påske, og det blir turpause.
Dagens tur gjekk frå Matkroken utover til Rossåa, inn til Rossåfossen, oppover til Løfta, vidare ned Haltbakkvegen, innover til Råa før vi til slutt kom ned att til Matkroken. Alle godt fornøgde etter ein fin og triveleg tur i godt ver.
Måndag 15.mars gjekk turen etter Toåa tursti i litt strete ver med sludd og vind. Underlaget var litt skummelt med nysnø oppå iskular, så turdeltakarane tok returen til Matkroken utover ekrene frå Bønnavollan til Kvennset for å unngå knall og fall.
No tek kløverturen påskeferie, neste tur blir måndag 12. april. Da er det å håpe at vinteren har sleppt taket, og det kan bli fine turar rundt om i bygda.