Endeleg vart det litt i vår i lufta og mestå berre vegar slik at Kløverturgjengen kunne gå trygt og godt utan broddar og joggepiggskor – godt!
Turen denne måndagen gjekk frå Halsbua og over Halsabrua, opp til Halset, ned til Todalsøra og utover til Nessahaugen. Ein riktig så fin tur i godt ver!
Vel tilbake på butikken vart det kaffedrikking med noko godt attåt!
Måndag 16. april blir det ny Kløvertur – da blir det tur ute i Gammelvegen – plana er å gå deler av Svinvikrunden.
Fysisk aktivitet og frisk luft gjer riktig så godt! Alle er velkomne til å bli med ut og gå!