Etter ein lang påskeferie er det klart for ny Kløvertur måndag 24. april. Turen går frå Nordvik og utover Haltbakkvegen, fin grusveg og ikkje bratt. Som vanleg er det oppmøte ved Matkroken kl. 11.00.
YR lovar sol, så det er planlagt å ta ein rastepause; – da kan det vere kjekt å ha med litt drikke og noko å bite i. Blir det dårleg ver, blir anna turmål bestemt ved oppmøte.
Alle, folk både innafor og utafor Kammen/Svinviktunnelen, er velkomne til å bli med ut og gå!