Todalen sanitetsforening inviterer til ny sesong med kløverturar. Årets første turdag blir måndag 15. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Turen blir etter allmannvegen utover Stranda. Yr lovar ikkje sol, men mildare ver med rundt null grader.
Det er Kløverturgruppa i Todalen sanitetsforening som er ansvarlege for kløverturane. Etter plana blir det tur kvar måndag føremiddag utover vinteren og våren. No i første omgang vil turane starte frå Matkroken da det ikkje er anbefalt med samkjøring i bil på grunn av pandemien.
Medlemmer i kløverturgruppa er Jorunn Husby, Jorunn Gislaug Ørsal, Sigrun Ørsal, Marit Sanden Søyset, Åse Johanne Redalen og Dordi Jorunn Halle.
ALLE ER VELOKMNE TIL Å BLI MED UT PÅ TUR!
VEL MØTT!