Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur til Vorphaugen

Dordi Jorunn Halle Måndag 12. mai 2025

Sol og fint ver, og triveleg kløvertur frå Todalsøra utover forbi Ansneset til Vorphaugen.

Dette er ei fin og lettgått turrute, og ikkje minst så er det godt å vandre langs Todalsfjorden ein fin vårdag og nyte lukt av både sjø og hegg. Her er det fint beiteland – kulturbeite – og derfor blir det kløvertur her før husdyra slepp ut av fjøset.

Fint ved Todalsfjorden. Her er Arndis, Dordi, Liv Jorunn, Dordi Jorunn og Jean. Bak kamera: Helga.

Etter turen var det samling i Kaffekroken. I dag var det ekstra kjekt at hit kom det kløverturjenter som akkurat no ikkje kan gå tur, men kan vere med på prat og kaffelag!

Ny kløvertur måndag 19. mai.

Fleire bilete frå ein god turdag:

Urskog ute i Vorphaugen. Dordi Jorunn Halle.

Utsyn innover fjorden mot Kvennsetdalen og Kulihammaren. Dordi Jorunn Halle.

 

Publisert: 12. mai 2025, 20:36