Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur til Tjønnmyrane

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. oktober 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 14. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Samkjøring frå Matkroken og oppover til Gammelfabrikken. Turen går oppover Gammelfalla, så vidare oppover langs Dalavegen og til gapahuken oppå Tjønnmyrå. Om ein ikkje er så glad i motbakkar, kan ein bli med på ein runde i lysløypa oppå Tjønnmyrå.

VEL MØTT!

Publisert: 13. oktober 2024, 11:25