Siste Kløverturen før ferien starta med kaffelag i Svinviks arboret, vi var 13 til bords. Vi fekk servert nydeleg kake og heimelaga vaniljeis. Etterpå gjekk vi tur oppover Gammelvegen til Stikk UT!-boka oppå Kammen. Vi var heldige med veret – faktisk opphaldsver og gløtt av sol.
Frå Kammen delte vi oss i to turgrupper, ei gruppe gjekk heile Svinvikrunden og fekk med seg den idylliske strekninga langs fjorden. Den andre gruppa tok motbakkane opp til Hjellnes – til slutt møttest vi alle ved startpunktet. Da var det tid for ønskje kvarandre ein god trimsommar og vel møtt til ein ny runde med Kløvertur i august.
Todalen sanitetsforening starta opp med Kløvertur 13. februar i år. Seinare har det vore 15 turar med mange ulike turmål. I løpet av sesongen har 27 personar vore med på tur; deltakartalet har variert frå fem til fjorten. Totalt tal på turar er 153, og dette har så langt vore eit godt tiltak. Det gjer godt å kome ut, det er kjekt å gå til nye turmål og det er triveleg å gå tur i lag.
Som ei avslutting til sommaren vart det premiering; heldige vinnarar av turkoppar og sitjeunderlag frå todalen.no var: Marit Sanden Søyset, Eli Bruset, Gudmund K. Kvendset, Dordi Jorunn Halle, Eva Nygård, medan Dordi Fedje vann ein todalen.no-termos.