Målet for Kløverturen denne veka var Storhaugen. Det er eit kjent og mykje nytta turmål i Todalen, idrettslaget har hatt trimbok der ei årrekke, og dei siste tre åra har det også vore Stikk UT!-post her. Men likevel hadde ikkje alle turdeltakarane vore her før, og dagens rute var ukjent for dei fleste. Jon Bruset var med som kjentmann.
Turen starta inne i Brusetmarka, ved stamlaksehuset til Statkraft. Derifrå gjekk vi etter fin, grasgrodd skogsveg oppover og utover Bjørålia til enden av vegen. Deretter gjekk vi etter tydeleg stiga litt opp og utover myra framover til utkikspunktet oppå Storhaugen. Turen har ei stigning på bortimot 300 høgdemeter, men det er berre ein skikkeleg bratt bakke etter denne turruta. Mange av turdeltakarane syntest dette var eit flott alternativ til dei meir tradisjonelle og merka rutene.
Jon Bruset fortalde om aktivitet i området før i tida da det var beiteområde i staden for granskog og det vart teke lauv på almen; det ser vi merke etter på almpilane. No i dag er det kommnualt vassverk i Bjøråa, og Statkraft har anlegg for stamlaksen frå Toåa her. Vi såg på planter, og fekk vite namn på plassar.
Oppå Storhaugen vart det akkurat plass til alle attmed bordet, og det vart kaffe med godsaker attåt. Litt sur vind oppå toppen, men flott utsikt!
Turfølgjet delte seg i to på nedturen, dei fleste tok same vegen nedatt, medan andre gjekk over til Skarsmyra og ned skogsvegen i Nordlia og kom ned ved Bruset. Det er mange vegar som fører til Storhaugen!
Neste Kløvertur er 12. juni, og da blir det ein lettare og kortare tur. Plana er å gå etter skogsvegen på austsida av Bjøråa og oppå Tjønnmyranj.