Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur til Kleiva – Bruset

Dordi Jorunn Halle Sundag 22. mai 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 23. mai. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?

Turen går frå Halabakkan til Bruset og derifrå etter fin skogsveg opp til Kleiva og kanskje opp til Lundingsplassen. Oppå Kleiva er det bord og fin utsikt.

Samkjøring frå Matkroken og parkering ved garasjen på Bakkå.

Alle er velkomne til å bli med ut på tur. 

Måndag 16. mai var det fint ver og triveleg tur frå Ansnessaga til Vorpneset:

Fin tur! Frå venstre: Dordi, Kari, Arndis, Karen Johanne, Anne Helene, Helen. Foto: Marit Sanden Søyset.

Vårgrønt og fint! Foto: Marit Sanden Søyset.

Fint ved fjorden nedanfor Ansneset. Bak kamera: Anne Helene Halset.

 

 

 

Publisert: 22. mai 2022, 07:56