Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 26. september. Start frå Matkroken/Halsbua kl. 11:00. Fint om du blir med ut på tur!
Det blir samkjøring frå Hals og oppover til Kårvatn. Turen startar frå parkeringsplassen, så innover til Plassen og oppover skogsvegen. Her kan ein gå i eige tempo, og lengda på turen bestemmer ein sjølv, men alle får turfølge!
Kaffepause ved steinbordet før retur til bygda.
Yr melder godt ver!
Vel møtt!