Når ein legg turen til Kårvatn, er det på det næraste obligatorisk å vandre inn til vakre Nauståfossen. Men etter ei veke med store nedbørsmengder, og det er vått, dikete og sleipt i terrenget, vart det i dag alternativ turrute etter nye vegar i Dalalia.
På Kårvatn er det eit variert dyreliv – meir eller mindre eksotisk – med sauer, lama, hestar og ikkje minst to nysgjerrige og artige ullgrisar! Eit nytt bekjentskap.
Turen gjekk først forbi «første generasjon» med hytter på Kårvatn og inn til Plassen. Ved Ruglbekken/Sagbekken tok turfølget motbakkane fatt og opp i det nye hyttefeltet; her er hyttene arkitektteikna med spennande utforming. Oppe i feltet her var det arbeidskarar i sving – både med hyttebygging og opparbeiding av ny brønn.
Turen vart avslutta med ein lang og koseleg matpause.
Det er godt å vere på tur slike finversdagar!
Det er godt å vere på tur i så fint og interessant turområde!
Og ikkje minst er det kjekt å ha godt turfølge!
Ny kløvertur om ei veke – du er velkomen til å bli med!
Fleire bilete: