Måndag 18. september er det Kløvertur til Hjellnessetra. Turen går etter fin skogsveg i Hjellnesliene, og her kan ein ta ein rundtur eller gå att og fram.
Oppmøte ved Matkroken kl. 11.00. Så kjører vi i lag utover til Hjellnes der vi parkerer på Flata utanfor gardane. YR melder godt ver, da blir det triveleg å ta ein kaffepause undervegs.
Alle er velkomne til å bli med ut og gå!