Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 7. juni. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl 11:00.
Turen vil gå frå Bønnavollan og oppover til Flathaugan med retur ned til Husby og kaffipause på «Den himmelske freds plass»; altså på Hjellen rett attanfor Jostuå.
Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Her er bilete frå kløverturen 31. mai som gjekk i Toåa tursti i retteleg finver.