Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 20. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Det blir samkjøring oppover til Tussebu. Turen startar med gå austover ekra nedanfor Furubu, og deretter oppover skogsvegen til Rundkjøringa. Deretter går turen etter fin gammaldags skogsveg ned att til Lundingsplassen – da blir det ein rundtur.
Eit anna alternativ er å gå både opp og ned etter skogsbilvegen.
VEL MØTT!