Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Toåa tursti måndag 20. juni. Start frå Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Dette er siste Kløverturen før ferien. Det blir kaffepause i gapahuken ved Båthølen. Sanitetsforeninga spanderer kaffebrød, men turdeltakarane må sjølve ta med drikke. Yr melder godt ver!
VEL MØTT!
Måndag 13. juni var det også Kløvertur i Toåa tursti. Veret var litt grått, men riktig så triveleg tur fortel Marit Sanden Søyset.
Bilete frå 13. juni: