Årets første kløvertur gjekk etter allmannvegen frå Matkroken og rundt om Husby. Etter ein kuldeperiode kom denne andre måndagen i februar med plussgrader og sur landvind.
Plussgradene gjorde at vegen vart glatt. Men alle var godt skodde med piggsko eller broddar, og dermed vart det ingen uhell med beinbrott; riktig så bra!

Klar, ferdig, gå – kløvertrursesongen er i gang! Frå venstre: Åse Johanne, Marit, Jorunn, Arndis, Helen, Liv Jorunn, Dordi Jorunn. Bak kamera: Kjell Gunnar Polden.
Som vanleg vart turøkta avslutta med varm drikke og triveleg prat i Kaffekroken.
Måndag om ei veke, 19. februar, er det ny kløvertur. Turrute blir bestemt etter ver og føre.