Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur på Kvennset

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. mars 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 14. mars. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?

Vinteren slepper ikkje taket sjølv om vi er halvvegs i vårmånaden mars. Kløverturgruppa legg difor opp til to turruter i morgon:

Tur til Løfta, stigen er berr og fin.

Tur etter vegen i nærområdet på Kvennset, t.d. utover til Småbåthamna, Stranda og rundt om byggefeltet.

Alle er velkomne til å bli med på kløvertur!

VEL MØTT!

 

 

Publisert: 13. mars 2022, 10:36