Siste måndagen i april var det kløvertur på Kvennset, god tur etter fin skogsveg for turgåarar.
Veret var ikkje det beste, surt og kaldt og litt nedbør i lufta. Nysnø oppe i liene. Men det var fint å gå etter skogsvegen/stien innover frå Myrmo, triveleg turterreng.
Tur vart avslutta i Kaffekroken – kjekt og triveleg.
Neste kløvertur blir måndag 8. mai, førstkomande måndag er det 1. mai og fridag.