Måndag 29. april er det klart for ny Kløvertur. Denne gongen blir det rundtur på Hala og Husby. Oppmøte på Hals kl. 11:00, samkjøring oppover til Austistua.
Turen vil gå frå Austistua innover til Haugabu, gjennom Kalvgeilen og utover Langhaugen til Hallvardhytta og Husby. På Husby kan ein ta turen opp på «Den himmelske freds plass» eller gå oppover til brønnen i Lauvåa. Retur etter vegen til Austistua der det blir det kaffepause på Vollen framfor stua. Ta med mat og drikke etter eige behov.
Denne turen er slik at ein kan gå akkurat så langt det passar for den enkelte, ein kan «snarvegen» tilbake til Austistua både ned Latrauva eller etter vegen ned frå Flathaugan bustadfelt. Det er tørt og fint å gå i lett terreng.
Todalen sanitetsforening ønskjer alle vel møtt til triveleg tur og trim!