Måndag 20. mars blir det Kløvertur oppå Tjønnmyrå.
Som vanleg er det oppmøte ved Matkroken kl. 11.00. Derifrå blir det samkjøring med bil oppover til Vestrum. Oppå Tjønnmyrå kan alle gå i eige tempo ein eller fleire rundar, gå berre i flatt terreng eller ta med eit par bakkar.
YR melder godver, så plana er å ta tid til sosialt samver i den fine gapahuken. Ta gjerne med litt drikke og noko å bite i.
Alle – både «nye» og «gamle» trimmarar, er velkomne til å bli med ut og gå tur!