Kløverturen måndag 17. juni blir rundtur frå Bruset om Hengebrua og tilbake om Ramsøya. Oppmøte ved Hals, start derifrå kl. 11.00. Dette er ein fin tur på godt underlag og i ei flat turløype.
Samkjøring frå Hals opp til Bruset, parkering ved fjøset. Frå Bruset går turen innover langs Toåa, forbi Fosstrøinn og innover til gapahuken nedanfor Brusetnesset, der er det fint å ta pause. Vidare innover langs elva, over Hengebrua. Tilbaketuren blir da utover Halanesset og Ramsøydalane.
Vel møtt til Kløvertur!
Frisk luft og mosjon er sunt!