September 2025 har så langt vore ein solskinsmånad – sol og godt ver kvar dag. Ideelt turver!
Kløverrusletur
Måndag 15. september inviterte Todalen sanitetsforening til rusletur frå Sanitetshuset til Småbåthamna. Blikkstille sjø og nydeleg dag ved fjorden.

Rusleturgjengen. Frå venstre: Reidar, Jorunn H, Ingeborg, Dordi Jorunn, Helen, Arndis, Jorunn Ø, Eli Marie. Foto: Marit Sanden Søyset.
Vel tilbake i Sanitetshuset var det servering av lunsj med grove rundstykke og godt pålegg. Måltidet vart avslutta med iskake og kaffe. God prat og gode historier.
Todalen sanitetsforening har fått tildelt 5000 kroner frå Sanitetskvinnene (NKS) til kløverturarrangement. Kløverturgruppa bestemte at det første arrangementet skulle vere ein kløverrusletur med base i Sanitetshuset, altså eit ekte lågterskeltilbud.
Plana vidare er at i 2026 kan det bli tur til meir «fjerne» turmål.

Riktig idyllisk ved Småbåthavna. Frå venstre: Arndis, Jorunn Ø, Jorunn H, Helen, Reidar med MIA, Eli Marie. Foto: Marit Sanden Søyset.
Kløvertur til Haltbakkan
Måndag 8. september gjekk kløverturen frå Sjøledet / Rabbleet utover til Haltbakkan. Rastepause ved sjøen ute i Haltbakkan – ein kjøle fin dag!
Det blir kløverturar utover til november, og kløverturgruppa ønsker både fleire og gjerne nye turgåarar til å bli med på kløverturane.
Fleire turbilete frå fine septemberdagar: