Så vart det endeleg «restart» av Kløverturen. Utruleg kjekt å kome i gang att; godt å møtast og kunne gå tur i lag!
Turen i dag var koronatilpassa; turdeltakarane gjekk i små grupper med god avstand og litt forskjellige ruter i området ut og opp for Halsbua. Men alle passerte Løfta og var oppå Flata og såg utover fjorden. I Kvennsetliene er det mange vegar og stigar, så det blir variasjon sjølv om startpunktet er det same.

Oppteljing av deltakarar før start. No er det altså ikke aktuelt med det tradisjonelle gruppebiletet! Frå venstre: Helen, Sigrun, Marit, Jorunn Ø. Foto: Dordi J H
Dagen starta med nysnø langt nedover liene og sluddelingar, men da kløverturgjengen samlast framfor Hals, var det faktisk opphaldsver. Og neste regneling kom ikkje før alle deltakarane var komne i hus. Altså heldige med veret tross alt.
Det blir ny Kløvertur måndag om ei veke, 11. mai!
Fleire bilete: