Denne måndagen var Kløverturen lagt til Tjønnmyrane; – det fine skianlegget til Todalen idrettslag. Da det er riktig så fine vinterdagar, var det da høve både til å ta Kløverturen til fots eller på ski.

Jorunn Husby, Karen Johanne Talgø og Dordi Vatn Hals kosa seg i finveret og fekk god trim. Foto: Dordi J H
Det er første gongen det har vore gått Kløvertur på ski i Todalen, det var artig! I dag var det like gode forhold for skitur som for fottur. Folk vandra rundt i løypene, ein eller fleire rundar og i eige tempo. Sola skein, og turterrenget er fint.
Etter ein times tid samlast flokken i gapahuken, der var det fyr både i peisen og bålpanna slik at ein kunne få varme kalde hender. Triveleg og god prat medan kaffe, te eller varm saft vart nytt i lag med nistepakken.
Ny kløvertur neste måndag, da blir turen på flatene nede på Kvennsetgarden med start frå butikken. Nye og «gamle» turgåarar er velkomne til å bli med ut på tur!

Kløvertur er sosialt, og ikkje minst er det kjekt å kunne ta kaffepause i den utruleg kjekke og fine gapahuken. Bak kamera: Dordi Ingeborg

Det vart oppstilling til ære for fotografen. Frå venstre: Jorunn Husby, Åshild Halle, Dordi Vatn Hals, Berit Kårvatn, Marit Sanden Søyset, Karen Johanne Talgø, Arndis Søyset, Sigrun Ørsal, Jorunn Ørsal, Marie Halset, Dordi Ingeborg Finborud, Åse Ville Redalen. Foto: Dordi J H