Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til Kløvertur måndag 11. mai. Oppmøte ved Hals/Matkorken og turstart kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Vi må ta omsyn til smittesituasjonen, og da bli opplegget slik:
Turstart frå Hals – vi kan ikkje samkjøre i bil no.
Vi går må gå med god avstand, minst 1 meter. No kan det vere 20 i gruppa.
I morgon kan turen gå innover skogsvegen frå Sanitetshuset, utover til småbåthamna, utover Stranda eller opp til Løfta. Turmål blir bestemt etter veret. Det ser ikkje ut til å bli sol og varme med det første.
Det blir ikkje samling etter turen.
For Kløvertur gjeld også hovudregelen frå FHI at ein må vere frisk for å vere med på arrangement, altså ikkje ha feber, hoste, influensa, farang e.l.
VEL MØTT TIL TUR!