Måndag 30. oktober går Kløverturen frå Heggøyå, over Romåbrua og innover etter Røyskattvegen. Turen går etter grei skogsveg, og det er ikkje bratt. Her kan ein gå i eige tempo og så langt som det passar den enkelte.
Oppmøte ved Halsbua kl. 11.00, derifrå blir det samkjøring innover til Heggøyan.
Alle er velkomne til å bli med ut og gå!
Det er kjekt å gå på tur i lag! Her er eit bilete frå Kløverturen måndag 23. oktober. Turgjengen er fotografert oppe på Brandhaugen ute i liene på Nordvik.