Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i vinterver

Dordi Jorunn Halle Måndag 17. februar 2025

Snøen lava ned måndag morgon. Så ein kunne undrast på om det vart kløvertur.

Men det vart eit bra turfølge som starta frå Matkroken og innover Kvennsetgarden, og plana var å gå ein runde om Husbygarden. Men Toåa tursti var nybrøyta, og da vart det ein fin tur frå Bønnavollå etter turstien og nedover til Halsabrua. Takk til dei som held turstien open!

Ute på tur: Arndis, Helga, Liv Jorunn, Jorunn, Åse og Kari. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Både vegen og turstien er glatt, litt unnhålt rett og slett! Men med piggsko og broddar vart det ikkje knall og fall.

Veret roa seg, og det vart ein triveleg tur som vart avslutta med pratestund i Kaffekroken.

Ny kløvertur måndag 24. februar.

Fint å gå i turstien. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Her kan ei regsistrere Stikk UT!-tur. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

Publisert: 17. februar 2025, 15:11