Kalenderen viser at det framleis er nokre dagar til midten av november, siste haustmånaden; men da Kløverturgjengen starta ut på trimtur i dag, viste gradstokken minus 10 grader! Iskaldt, men fint: Låg sol og rim på marka! Retteleg fint og stjerte før!

Klare for turstart. Frå venstre: Anne Helene, Helga, Jean, Åse Johanne, Helen, Kari, Ester Karin, Jorunn Gislaug, Sigrun, Eli Marie, Marit, Dordi Jorunn. Fotohjelp: Jo Inge
Trimruta gjekk frå Matkroken, over ekra og innover skogsvegen ovanfor Kvennsetgardane. Til slutt vart det både sol og litt varme. Vidare vart det litt ulike ruter: opp til Løfta eller retur same vegen. Alle fekk trim, frisk luft og ein triveleg tur. Og til slutt vart det samling i Kaffekroken på Hals, kjekt å ha ein slik plass i kulda!

Vi set pris på Kaffekroken! Her er: Sigrun, Marit, Eli, Ester Karin, Jorunn, Synnøve, Anne Helene. Foto: Dordi J H
Dette var siste turdagen i 2019. Oppsummeringa viser at Sanitetsforeninga i år har arrangert 31 Kløverturar, av dei seks Rusleturar. Om lag 50 ulike personar har vore ute på tur; somme berre ein gong – andre mestå kvar gong. Talet på deltakarar har variert frå 8 til 25, med eit gjennomsnitt på 14 personar.
Todalen sanitetsforening starta opp med Kløvertur i februar 2017, og statistikken viser at det første året var det 27 turdagar. Dei to siste åra har det vore 31. No er det i alt utført 1230 turar, flest i 2108.
Ansvarlege for Kløverturen i Todalen sanitetsforening er: Jorunn H, Marit, Jorunn Gislaug, Sigrun, Åse Johanne og Dordi Jorunn.
No er det Kløverturferie, men når det lir ut i februar 2020, startar Kløverturen opp att.
Fleire bilete frå ein god turdag: