Siste dagen i september kom med høljeregn, sludd og snøelingar, og av til litt opphaldsver. Gradstokken viste berre tre – fire varmegrader, men Kløvertur vart det. Turen gjekk i Halagrenda, frå Halabakkå og inn til Halaneset.
Heile ti trimmarar var med på turen, dei er ikkje redd litt stygt ver Kløverturgjengen. Men kaffepausen vart innomhus i Kaffekroken på bua. Forresten så gjer det godt å ta ein tur ut om veret ikkje er det beste!
Ny Kløvertur neste måndag, 7. oktober. Da kan det bli sol!

Ein blid gjeng i regn og sludd! Frå venstre: Marit, Berit, Karen Johanne, Helga, Synnøve, Jorunn Gislaug, Jorunn H, Åse og Sigrun. Foto: Dordi J H