Da var det tid for ny kløvertursesong. Første haustturen i 2022 gjekk i Toåa tursti, altså mjuk start. Veret var godt, sjølv om sola var litt spak.
Turfølget var ikkje så stort, men det var triveleg prat og god stemning. Lang kaffepause i gapahuken ved Båthølen.Toåa tursti er eit fint turområde med to gapahukar, fleire bord med benkar og sitjeplassar.

Hurra for ny og tøff rasteplass. Arndis, Kari, Jorunn H, Jorunn Ø, Åse Johanne. Foto: Marit Sanden Søyset.
Neste måndag blir det kløvertur i Gammelvegen/Svinvikkrunden.
Fleire bilete frå kløverturen: