Da var dagen komen for Kløvertur oppover Romålia. Ni damer starta frå Heggøyan med Haukarsteinen som mål. Veret var aldeles nydeleg, sol og varmt, men med ein og annan vindpusten «som den heite panna svala».
Turen gjekk etter den gamle setervegen oppover lia, her kunne ein tydeleg sjå at det var lagt ned mykje arbeid for å mure opp veg til kløvjing om sommaren og høykjøring med slede vinters tid. I gamle dagar var det nok mykje slit og strev opp og ned Romålia. Men i dag var det berre idyllen å gå oppover stien; lytte til fuglesong og fossedur, vandre i teppe av kvitsymre og fylle vassflaska med reint vatn frå bekken.
Det vart kaffepause ved bordet oppå Bakgreista’n – her er det fin utsikt mot Sørfjellet. Sjølvsagt tok alle siste bakken opp til Haukarsteinen for å sjå innover Romådalen mot Botnnebba og Rognnebba.
Nedturen gjekk etter skogsvegen, fint å gå der også. Og alle var einige om at dette hadde vore ein fin og vellykka turdag! Og så gjer det så godt for både kropp og sinn.
Dagens tur er nok den lengste og brattaste Kløverturen i «vårsesongen». Neste Kløvertur blir ikkje før måndag 28. mai, da blir det Rusletur. Er veret godt, tek vi da turen oppover til Tjønnmyran.