Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i sol og varme måndag, medlemsmøte tysdag.

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. august 2023

Første kløverturen etter sommarferien gjekk etter skogsvegen oppover frå Bruset i riktig godt ver!

Og det vart ein lang tur på seks kilometer, og første etappe var berre motbakkar og andre etappe var unnabakkar. Oppover krev det kondis, og nedover blir knærne slitne. Men det gjer godt!

På veg forbi Furubu. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Triveleg pause og prat på Kleiva. Foto: Marit Sanden Søyset.

På tur opp vart det pause på Kleiva med utsyn nedover bygda. Og ein fornøgd turgjeng avslutta med kaffe og is i kaffekroken til Matkroken.

Måndag 21. august blir det kløvertur i Toåa tursti. Da blir det kaffepause i gapahuken ved Båthølen.

Tru kva denne soppen heiter? Han er i alle fall stor og fin! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Medlemsmøte

Tysdag 15. august er det medlemsmøte i Todalen sanitetsforening i Sanitetshuset. Møtestart kl. 18:30. Etter saklista blir det kaffeservering og utlodding.

Alle interesserte er velkomne!

 

Godt å treffast til kløvertur etter feriepausen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Publisert: 14. august 2023, 17:00