Sol og landvind, nydeleg turområde og stort turfølge; betre kan det nesten ikkje bli på Kløvertur ein måndag sist i september!

Turfølget før start på Kårvatn. Frå venstre: Jean, Helga, Åse Johanne, Jorunn Gislaug, Eli Marie, Synnøve, Jorunn, Arndis, Anne Lise, Berit Pauline, Helen. Foto: Dordi J H
Kløverturgjengen starta frå parkeringsplassen på Kårvatn og gjekk etter flate gjerd innover til Plassen – godt å kome i siget før motbakkane oppover lia. Her er det brei og fin skogsveg – kjekt å kunne gå fleire om breidd for å få både trim, prat, dagslys og frisk luft – alt dette er viktig for god kvinnehelse! Gjeld nok for menn, og! Og på Kårvatn er lufta ekstra frisk og rein!
Turfølget gjekk skogsvegen til ende. I Dalalia kjem det opp nye hytter kvart år; – spennande å følge med på utviklinga!
Turen vart avslutta med triveleg og sosialt samvær på terrassen i Sagstuå – ei riktig så triveleg stund med mat og kaffe!